ØSTERLIDE
Østerlide kler folkemelodiane i nye drakter, av florlette, såre, lyse, mørke, sterke og røffe fabrikat. Skimrande som sol på vatn snor vokal og klokkespel seg rundt drypande perler av gitar. Lyse og eteriske lydbilete blir avløyst av drivande gitarriff og perkusjon på̊ full guffe.
Østerlide kler folkemelodiane i nye drakter, av florlette, såre, lyse, mørke, sterke og røffe fabrikat. Skimrande som sol på vatn snor vokal og klokkespel seg rundt drypande perler av gitar. Lyse og eteriske lydbilete blir avløyst av drivande gitarriff og perkusjon på̊ full guffe. Vi får servert bloddrypande historier frå mørkaste middel alder, mirakel og gjengangarar, kjærleik og inderleg himmel-lengsel. I sentrum står som før dei uslitelege og tidlause folkemelodiane som er forma og slipt gjennom århundrer. Når melodiane og historiene blir forma på nytt i Østerlides lydverden får dei nye sjatteringar av fargar, lys og skygge, men er framleis dei same: – Nye og gamle på same tid!
Liv Ulvik – vokal,
Andreas Haddeland – gitarer,
Ulrik Ibsen Thorsrud – slagverk
Konserten er støtta av: Norsk Kulturråd, FFUK og Creo Vestland
© Ingvil Skeie Ljones
Waiver
Kjøpte billettar blie ikkje refundert med mindre konserten bir avlyst