JAZZ PÅ JØLST 2026
Vi gler oss stort over å kunne ynskje velkomen til Jazz på Jølst nr 17!
Torsdag 8. oktober til søndag 11. oktober.
Her finn du billettar til alle arrangement.
JAZZ PÅ JØLST 2026 – BILLETTINFORMASJON
TicketCo er vår billettleverandør – og du finn link til billettkjøp under alle arrangement. Du kan også søke opp arrangementa våre i TicketCo. Skriv Jølster eller Jazz på Jølst i søkefeltet og alle konsertane skal komme opp.
Du får billett på e-post og du kan skrive ut og ta med eller bruke QR koden du får tilsend. Den blir scanna i døra. Det er lurt å laste ned TicketCo Wallet appen. Her kan du enkelt kjøpe billettar og dei vert lagra slik at det er lett å finne dei att.
BILLETT TYPAR
ENKELTBILLETTAR - Du kan kjøpe vanlege enkelt billettar til alle konsertar om du ynskjer det - men alternativ som kombi billettar og festivalpass gjev ein del rabatt.
KOMBIBILLETT
Vi vidarefører ordninga med kombibillett for kveldskonsertane fredag og laurdag som gjev ein rabatt til desse konsertane.
FESTIVALPASS
Festivalpass gjev tilgang til alle konsertane frå tjuvstart konsert torsdag 8. oktober i Restaurant Kraftverket - tidlegare Løa på Holmen - til avslutningskonserten med The Red Barn og Bjørn Tomren på hotellet laurdag kveld kl.22.00
UNGDOM/STUDENTAR
Ungdom under 25 tilbyr vi ein eigen rabattert pris. Studentar som ikkje er under 25 år får medlemspris.
MEDLEMSKAP
Du kan kjøpe medlemskap via billettsida her. Husk å fylle ut namn og e-post. Evt kan du betale kr 350,- direkte til konto 3705 17 67420 Husk e-post i meldingsfeltet.
ARRANGEMENT - SPELESTAD
«Tjuvstart» konserten torsdag 8. blir på Jølstraholmen i Restaurrant Kreftverket, tidlegare Løa,
Jazz for born og familie laurdag kl.12.00 blir på Brunsj & Briller på Skei.
Gratiskonsert med elevar frå Firda VGS blir, tradisjonen tru, på Audhild Vikens vevstove laurdag k. 14.00
Kveldskonsertane fredag 9. og laurdag 10. oktober er alle på Grand Hotel, Skei som tilbyr eigen Jazzpris frå 8. til 11. oktober for gjester som skal på våre arrangement.
For å få desse prisane må gjestene helst sende e-post til: grandhotelskei@unikehoteller.no
Dei må opplyse om at dei skal vere med på Jazz på Jølst. Dei kan evt også ringe til hotellet på 577 27800 dersom dei ikkje har tilgang til e-post.
Vi samarbeider med kyrkja om Gudsteneste med Jazzpreg søndag 11. oktober. Meir info kjem.
Vellomen på festival!
TicketCo
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar blir ikkje refundert med mindre arrangementet blir avlyst.