page view image

JAZZ PÅ JØLST 2024 - BILLETTAR

Det er klart for jazz på Jølst nr. 15, frå 10.- 13. oktober 2024 - og her finn du billettar til alle arrangement.

Information
event image

JAZZ PÅ JØLST 2024 – BILLETTAR


TicketCo er vår billettleverandør – og du finn link til billettkjøp under alle arrangement. Du kan også søke opp arrangementa våre i TicketCo. Skriv Jølster eller Jazz på Jølst i søkefeltet og alle konsertane skal komme opp.

Du får billett på e-post og du kan skrive ut og ta med eller bruke QR koden du får tilsend. Den blir scanna i døra.

Test gjerne TicketCo Wallet. Last ned appen i App Store. Her kan du enkelt kjøpe billettar og dei vert lagra slik at det er lett å finne dei att.

KOMBIBILLETT

I fjor testa vi ut kombibillett for kveldskonsertane fredag og laurdag som gjev ein liten rabatt og det fungerte så bra at vi gjer det også i år.

FESTIVALPASS

I år tilbyr vi 2 typar festivalpass. Festivalpass gjev tilgang til alle konsertane med unntak av søndagskonserten med Reiersrud /Kleive.  Festivalpass Pluss gjev tilgang til alle konsertane.

UNGDOM/STUDENTAR

Ungdom under 25 tilbyr vi ein eigen rabattert pris. Studentar som evt ikkje er under 25 år får medlemspris.

MERK at vderdi/pris for tjuvstartkonserten om du kjøper festivalpass og fstivalpass pluss er sett til kr 100/50  av omsyn til rilreisande som ikkje kjem før fredag. 

ARRANGEMENT - SPELESTAD

Løa på Jølstraholmen er framleis under ombygging og «Tjuvstart» konserten torsdag og konsert for barn og familie laurdag kl.12.00 blir på Brunsj & Briller på Skei. Gratiskonsert med elevar frå Firda VGS blir, tradisjonen tru, på Audhild Vikens vevstove laurdag k. 14.00

Kveldkonsertane fredag 11. og laurdag 12. er alle på Thon Partner Hotel, Jølster. I år avsluttar vi festivalen med konsert i Helgheim kyrkje søndag 13. med Knut Reiersrud og Iver Kleive

Vel møtt!

TicketCo

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar blir ikkje refundert med mindre arrangmentet blir avlyst.