SKARBØ SKULEKORPS - JAZZ PÅ JØLST 2021

Arrangementsinformasjon

Laurdag 16.oktober kl. 22:00 Thon Hotel Jølster

SKARBØ SKULEKORPS MARSJERER IGJEN

«Musikk som både er "catchy" og uforutsigbar (..) Når du tror du har knekt koden og vet hvor musikken skal ta deg, fortsetter den bare å overraske» NRK P3 (N)

Skarbø Skulekorps marsjerte inn i folks bevissthet i 2019, og fikk eineståande kritikk for debutalbumet på Hubro. I mars kom oppfølgjaren Dugnad, som om mulig har overgått den første plata i positiv omtale. Under leiing av trommeslager og komponist Øyvind Skarbø klarar korpset på ein eller anna måte å saumlaust kombinere det fengande og det abstrakte på ein måte som opplevast heilt naturleg. Her er alle spor etter Sousa-marsjar og sur treblås renska vekk. Afrobeat med techno-bass? Samtidsmusikk for steel-gitar og banjo? 60-tals jazz med 80-tals synth?

Dette er korpsmusikk slik du aldri har høyrt det før!


Signe Emmeluth - altsax, elektronikk

Klaus E. Holm - saksofon, klarinett

Stian Omenås - trompet, synth

Ivar Grydeland - pedal steel, gitar

Chris Holm - bass, synth

Øyvind Skarbø - trommer