page view image

RUBBER SOUL QUARTET - Jazz på Jølst 2022

Arrangementsinformasjon
event image

The Beatles er det mest populære og mest innflytelsesrike band i populærmusikkens historie. Musikken dei laga på 1960-tallet lever i beste velgåande den dag i dag, også blant unge mennesker. The Beatles er dessutan eit godt eksempel på kva fire ulike individ kan få til som gruppe.


The Beatles som jazz
Å spele dei klassiske låtane til The Beatles i jazzversjonar vil nokon kanskje definere som musikalsk blasfemi. Men ikkje desto mindre er det nettopp det Rubber Soul Quartet har kasta seg ut i. Store deler av Beatles-repertoaret eignar seg nemleg godt til å improvisere over og leike med for jazzmusikarar. Med utgangspunkt i dei originale melodiane, gjer kvartetten elegante, re-arrangerte jazzversjonr av til dømes «Norwegian Wood», «Drive My Car», «She’s Leaving Home», «Here, There and Everywhere» og «Blackbird», både med og uten vokal.

Bård Helgerud - gitar/vokal

Håvard Fossum - sax

Andreas Dreier - kontrabass/vokal

Magnus Sefaniassen Eide - trommer