page view image

Pedras Rolantes

Arrangementsinformasjon
event image

PEDRAS ROLANTES

Pedras Rolantes  spelar brasiliansk musikk av komponistar som Tom Jobim, Djavan, Chico Buarque og fleire andre, i eit kammermusikk-format. Både kjende og ukjende perler frå Brasils gullalder blir framført på ekte stilistisk vis. Dette er musikk som tar oss tilbake i tid, til varmare strøk og får den som lyttar til å drøyme seg vekk i melankoli og kjærleik.

 

Gabriela Garrubo - vokal 

Thomas T Dahl - gitar

Magne Thormodsæter  -  bass

Ivar Thormodsæter -  trommer