Kristin Asbjørnsen - Jazz på Jølst 2019

Arrangementsinformasjon

Kristin Asbjørnsen  Traces of You

Kristin gav ut albumet «Traces Of You» i 2018 til strålande omtalar både i Noreg og internasjonalt. Songane opnar nytt terreng i Kristins mangefasetterte univers. Med sterk meloditeft og poetisk sans blir gitarar, vestafrikansk kora og stemmer vovne saman i eit særdeles vakkert og meditativt lydlandskap. Musikken ber avtrykk frå vestafrikansk musikk, voggesongar og stillfarande nordisk jazz.

Sildrande afrikanske ornamenet står i leikande dialog med eit klangfylt gitarunivers. Kristins lyrikk er omsett til vestafrikansk mandinka i rørande samsong med Suntou. Songane er som vare inntrykk av livsavtrykk, nærvær og kjærleikens omskapingar.

Kristin Asbjørnsen er ei av dei mest originale stemmene i norsk musikk, og det er alltid ei stor oppleving å høyre henne på scena. Det er duka for ei unik konsertoppleving med Kristin og hennar to eminente musikarar.

Konserten er eit samarbeid med Føredefestivalen/FolkJazzscena – eit samarbeid vi er svært glade for!

Kristin Asbjørnsen – vokal

Olav Torget – gitarar og vokal

Suntou Susso – kora og vokal