Jo Skaansar og Ine Hoem "Fange av mi tid" - Jazz på Jølst 2020

Arrangementsinformasjon

Thon Hotel Jølster, fredag 9.oktober kl. 22.30

Jo Skaansar og Ine Hoem – «Fange av mi tid»

Ni år etter utgjevinga av det kritikarroste debutalbumet «Den blåaste natt», er den etterspurde bassisten, komponisten og psykologen Jo Fougner Skaansar endeleg klar med nytt band og oppfølgjarplata «Fange av mi tid».

«Fange av mi tid» tek utgangspunkt i Skaansars mangfaldige virke som kontrabassist og komponist, og i eit fruktbart låtskrivingssamarbeid på tvers av generasjonar med den trettifem år eldre Edvard Hoem. Elles er dikt og lyrikk av norske poetar frå ulike tidsepokar handplukka og omarbeidd og supplerer og kommenterer dermed Hoems særeigne og gjenkjennelege litterære stemme.

Vokalist Ine Hoem, som dei siste åra har teke steget inn i den norske pop-eliten, er framleis ein viktig samarbeidspartnar og alliert. Saman med bandet skaper Ine og Jo musikalsk magi av Skaansar sine melodisk varierte og harmonisk sofistikerte komposisjonar i skjeringspunktet mellom jazz, folkemusikk og vise.

Jo Skaansar jobbar i inn- og utland med ei rekkje artistar og band, mest innan jazz og folkemusikk. Som bassist har han ein ekspressiv, lyrisk og moderne spelestil.

Han har medverka på om lag 40 plateinnspelingar og har spelt med blant andre Kenny Wheeler, Ulf Wakenius, Steve Dobrogosz, Jon Christensen, Beady Belle, Hot Club de Norvège, Sinikka Langeland, Trygve Seim, Sølvguttene og Trondheim Jazzorkester. 


Jo Skaansar – bass

Ine Hoem – vokal

Helge Lien – piano

Jakop Janssønn – trommer

Hayden Powell – trompet

Odrunn Lilja Jonsdottir – gitar

Trygve Seim – saksofon