page view image

JAZZ PÅ JØLST 2023 – BILLETTAR

Informasjon
event image

JAZZ PÅ JØLST 2023 – BILLETTINFORMASJON 

Vi brukar TicketCo som billettleverandør – og du finn link til billettkjøp under alle arrangement. Du kan også søke opp arrangementa våre i TicketCo. Skriv Jølster eller Jazz på Jølst i søkefeltet - då vil du finne "Jazz på Jølst 2023 billettar " Når du klikkar på den finn du alle konsertane.

Du får billett på e-post og du kan skrive ut og ta med eller bruke QR koden du får tilsend. Den blir scanna i døra.

Test gjerne TicketCo Wallet. Last ned appen i App Store. Her kan du enkelt kjøpe billettar og dei vert lagra slik at det er lett å finne dei att.

NYTT AV ÅRET

I år har vi laga ein kombi-billett for kveldskonsertane fredag og laurdag som gjev deg rabatt.

FESTIVALPASS

I år er det endå meir lønsamt å investere i festivalpass. Vi held dei same prisane som i fjor. Passet gjev tilgang til alle konsertane med unntak av «Tjuvstart» torsdag.

 ARRANGEMENT - SPELESTAD

 «Tjuvstart» konsert torsdag 12.10. kl.19.30 og konsert for barn og familie laurdag 14.10. kl.12.00  blir på Brunsj & Briller Gratiskonsert med elevar frå Firda VGS blir,tradisjonen tru, på Audhild Vikens vevstove. 

Kveldkonsertane fredag 13. og  laurdag 14. er alle på Thon Partner Hotel, Jølster.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert med mindre arrangementet blir avlyst