JAZZ PÅ JØLST 2018 - Kabaret Makaber

Arrangementsinformasjon

Etter opningskonserten fredag 12.oktober kan du glede deg til:

KABARET MAKABER - Thon hotel Jølster, fredag 12.oktober kl. 22.00.
Billett: 250/200/50

Med hjarte for det skakke, vonde og burleske spelar Kabaret Makaber «noirforteljingar» frå det djupaste, inste Sogn på sitt aller beste. Uttrykket til Kabaret Makaber eksisterer ein stad der swingjazz kryssar tysk mellomkrigsmusikk, progrock og finske tangoballadar. Bandet starta i Bergen, der fleire studerte på Griegakademiet.... Medan sjangerbakgrunnen til musikarane er særs ulik, deler dei same kjærleik til rytmikk og driv. Bandet består av song, altsaksofon, barytonsaksofon, marimba, kontrabass og trommer.

I 2017 gav dei ut debutplata «Kabaret Makaber» på Apollon Records og fekk god omtale heime og i utlandet. Mellom anna skreiv Soundscape Magazine: «Kabaret Makaber is by far one of the most unique and ‘out there’ releases I’ve heard all year ...», og dét utan å skjøne eit ord av kva Marita Vangen Bratteteig syng om på lærdalsdialekt.

For musikken og tekstuniverset heng tett saman i Kabaret Makaber, der førarlause bussar i retning Lærdal ikkje stoppar der ein ønskjer. Indre Sogn Sparebank blir rana, og den elleville flukta går over Filefjell. Og så finn vi sjølvsagt Djevelen sjølv, som likar kaffien sin svart og sørgjer over at Gud har forlate han. Koplinga mellom musikk, songtekst og konsertoppleving kan nesten kallast teatral. Noko som resulterte i eit samarbeid med Helge Jordal, som har spelt Djevelen på konsert og på vinylutgåva av debutplata.

 Torstein Åvar Sollien – marimba
 Morten Nordheim – altsaks
 Mads Lønnkvist– barytonsaks
 Marita Vangen Bratteteig – song
 Tomas Mjånes Myklebust – trommer
 Alexander Lund– kontrabass