Jazz på Jølst 2018 - DENADA med Torun Eriksen

Arrangementsinformasjon

OPNINGSKONSERT JAZZ PÅ JØLST 2018: DENADA med Torun Eriksen - Thon Hotel Jølster, fredag 12.oktober kl. 19.30. Billett: 300/250/100 Ensemble Denada er eit profesjonelt jazzorkester med for tida tretten faste medlemmer. Bandet blir drive av Østnorsk jazzsenter med støtte frå Norsk kulturråd og Oslo kommune. Samarbeidet med Torun Eriksen starta i fjor med premierekonsert på Kongsberg jazzfestival, og dei fekk strålande ovasjonar frå kritikarar og publikum. «Ein vilje, ei inderlegheit og energi som var gripande», skreiv Dagsavisens Roald Helgheim i sin omtale etter premieren på Kongsberg i fjor. Arrangør og musikalsk leiar Erlend Skomsvoll sender Torun Eriksen sine grasiøse popkomposisjonar på ein «roadtrip frå Berlin til New Orleans» med reisefølgje frå Ensemble Denada, eit band som er blitt godt samspelt etter ein bråte med mil på kryss og tvers i verda dei siste ti åra. Ensemble Denada, Torun Eriksen og Erlend Skomsvoll har funne både tonen, teksten og stilen. Det kunstnarlege utgangspunktet er Torun Eriksen sitt album «Grand White Silk» med sine sofistikerte låtar og poetiske forteljingar. Arrangør Skomsvoll har sett av godt med plass i partitura til Ensemble Denadas formidable instrumentalsolistar.