JAZZ PÅ JØLST 2018 - Daniel Herskedal Kvartett

Arrangementsinformasjon

DANIEL HERSKEDAL KVARTETT - THON HOTEL JØLSTER
LAURDAG 13.OKTOBER KL. 19.30. Billett: 250/200/50
Jazztuba er kanskje ikkje det instrumentet den jamne musikkforbrukar har det sterkaste tilhøvet til, men det kan det bli ei endring på no. Daniel Herskedal skubbar regelboka til side og utvidar grensene for kva som skal og kan gjerast med ein tuba. Han har brukt mykje tid på vegen dei siste åra, og hans tredje album, «The Roc», blei til etter ei reise... til Syria, Libanon og Palestina. Med gode kritikkar frå dei fleste jazzblad på planeten i ryggsekken er Herskedal endeleg på veg til Jølster. Ein konsert full av godbitar for alle som er glade i jazz og folkemusikk frå heile verda!

 Daniel Herskedal – tuba
 Jakop Jannssønn – perkusjon
 Helge Lien – piano
 Bergmund Skaslien – bratsj