BRIOTRIO

Arrangementsinformasjon

INGRID ØYGARD STEINKOPF piano
THOMAS LINDE LOSSIUS bass
ARNE SKORPE SJØEN trommer

Innimellom alle amerikanske og skandinaviske jazztradisjonane – tenk Red Garland og Bill Evans, Close Erase og Moskus – har pianotrioen Briotrio laga seg eit hjørne med unikt særpreg. Jordnære melodiar, leikne soloar og eit telepatisk samspel kommuniserer tett som ein stovekonsert med kvar enkelt i publikum.

Pianotrioen vart starta i 2015 av Arne og Ingrid. Dei to musikarane har vore kjente over lengre tid, så då Arne flytta til Bergen, bestemte dei seg for at dei ville starte band. Etterkvart fekk dei med seg bassist Thomas Linde Lossius. Alle musikarane er frå vestlandet, og det er i denne delen av landet dei har spelt hovuddelen av sine konsertar. Musikarane er aktive i det unge norske jazzmiljøet, og har utdanning frå universiteta i Trondheim, Cape Town, Stavanger og Bergen. Vakker og ettertenksam musikk med hypnotiserande melodilinjer.

Briotrio på Spotify