Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
TicketCo er vår billettleverandør – og du finn link til billettkjøp under alle arrangement. Du kan også søke opp arrangementa våre i TicketCo. Skriv Jølster eller Jazz på Jølst i søkefeltet og alle konsertane skal komme opp.
Du får billett på e-post og du kan skrive ut og ta med eller bruke QR koden du får tilsend. Den blir scanna i døra.
Test gjerne TicketCo Wallet. Last ned appen i App Store. Her kan du enkelt kjøpe billettar og dei vert lagra slik at det er lett å finne dei att.
KOMBIBILLETT
Vi vidarefører ordninga med kombibillett for kveldskonsertane fredag og laurdag som gjev ein liten rabatt til desse konsertane..
FESTIVALPASS
Festivalpass gjev tilgang til alle konsertane frå tjuvstart konsert torsdag 9. oktober til avslutningskonserten med Leah laurdag kveld.
UNGDOM/STUDENTAR
Ungdom under 25 tilbyr vi ein eigen rabattert pris. Studentar som evt ikkje er under 25 år får medlemspris.
MERK at verdi/pris for tjuvstartkonserten om du kjøper festivalpass er redusert av omsyn til tilreisande som ikkje kjem før fredag.
MEDLEMSKAP
Du kan kjøpe medlemskap via billettsida her. Husk å fylle ut namn og e-post. Evt kan du betale direkte til konto 3705 17 67420 Husk e-post i meldingsfeltet.
ARRANGEMENT - SPELESTAD
Endeleg kan vi på nytt ta i bruk Løa på Jølstraholmen til konsert. Den er nyoppussa og veldig fin og vi gler oss til å arrangere «Tjuvstart» konsert torsdag 9 oktober der. Konsert for barn og familie laurdag kl.12.00 blir på Brunsj & Briller på Skei. Gratiskonsert med elevar frå Firda VGS blir, tradisjonen tru, på Audhild Vikens vevstove laurdag k. 14.00
Kveldkonsertane fredag 10. og laurdag 11. er alle på Grand Hotel, Skei som er det nye namnet på det som før var Thon Partner Hotel, Jølster.
Vel møtt!