Ytre Suløens Jass-ensemble - Jazz på Jølst 2019

EVENT INFORMATION

Ytre Suløens Jass-ensemble

In the Court of King Oliver: Ytre Suløens Jass-ensemble & Tricia Boutté

Ytre Suløens Jass-ensemble (YSJE) er alltid på utkikk etter noko nytt, og i jubileumsåret 2018 (45 år) ville bandet søkje etter noko dei ikkje hadde gjort før. Det blei bestemt at bandet skulle ta utgangspunkt i King Oliver, ikonet frå 20- og 30-talet som sette sitt heilt eige preg på musikken, og som var den første til å presentere den pur unge Louis Armstrong på jazzscena i 1923. Dei lytta til musikken hans, og eit knippe låtar blei valde ut til konsert på Moldejazz. Etter to utselde konsertar med god stemning både på scena og i salen blei det straks bestemt at musikken måtte inn på plate!

Denne plata blir sleppt på Moldejazz 2019 og vil dermed vere rykande fersk når bandet kjem til

Jølster. Musikken består i stor grad av arrangerte blåseparti som høyrest improviserte ut, og improviserte blåseparti som høyrest arrangerte ut. Kollektiv improvisasjon, fleirstemde fanfarar og ein energisk og offensiv driv i bandet. Det er sjølvsagt også mange flotte soloar, men det er samspelet som står i høgsetet når King Oliver skal hyllast!

Lars Frank – klarinett

Sturla Hauge Nilsen – trompet

Andreas Rotevatn – trombone

Einar Aarø – banjo/gitar

David Gald – tuba

Morten Gunnar Larsen – piano

Kristoffer Tokle – trommer

Tricia Boutté − vokal