Sinikka Langeland (Sauna Cathedral) - Jazz på Jølst 2019

EVENT INFORMATION

Sinikka Langeland – Sauna Cathedral

Sinikka Langeland er ein av dei mest markante musikarane i vår tid. Gjennom forsking, gjenforteljing og framføring har ho gjeve kulturen i Finnskogen ein heilt ny profil. Ho spelar det finske nasjonalinstrumentet kantele, men er òg kjend for sin bruk av folkesongtradisjonar som runesong og kveding. Som komponist har Langeland utforska tradisjonell folkemusikk og skapt kontrastar med eigne melodiar og tekstar. I dei seinare åra har Langeland jobba med tilhøvet mellom religiøse folketonar og kormusikk av Bach, ein spennande kamp som har resultert i fire CD-innspelingar i eit heilt nytt musikalsk landskap.

«Sauna Cathedral» av Sinikka Langeland, framført av nokre av verdens leiande jazzmusikarar, er inspirert av eld i ulike former. Verket er samansett av tre delar, og kvar del vert innleia med ein runesong. Eldfisken er ei eldrune oppteikna i 1821 på Finnskogen, det same er Ukko, mens Sanervatar er ei karelsk saunarune."


Sinikka Langeland – vokal, kantele

Arve Henriksen − trompet

Trygve Seim − saksofon

Maja Ratkje − harmonium, vokal, elektronikk

Mats Eilertsen − kontrabass

Markku Ounaskari − trommer

Lyd: Pål Terje Antonsen