page view image

SHAKAI - JAZZ PÅ JØLST 2022

EVENT INFORMATION
event image

SHAKAI

Musikken det Bergensbaserte bandet Shakai byr på er leiken, rar, litt mystisk og byr stadig på nye overraskingar. Kvintetten blandar referansar, leikar med sjangerdefinisjonar og inviterer lyttarane med på en reise i sitt eige vesle underlege univers. Musikken blir til litt som et bakverk utan oppskrift; dei smakar seg fram, plukkar ingrediensar frå øvste hylle og har størst fokus på humor og hygge, noko som også gjenspeglar seg på scena.

Bandet blei først starta av bassisten Eline Rafteseth i 2015 saman med medstudentar frå jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen. Våren 2016 var Shakai eit av fire band som deltok på turnéen Framtida i Norsk Jazz og spelte same år på den aller første gjennomføringa av suksessen Vill Vill Vest.

I 2018 slapp dei si første plate, Skittles, som blei spelt inn og produsert av den anerkjende produsenten Jørgen Træen i Duper Studio og mastra av Iver Sandøy. Dei har spelt ei rekke konsertar i Bergen og på festivalar og store arrangement som Maijazz, Jazzintro, 100 dagar- festivalen og Fjellparkfestivalen m.fl. Etter fleire års pause har kvintetten no starta opp igjen og jobbar med å ferdigstille oppfølgjaren til det kritikarroste debutalbumet.

Eline Rafteseth - Kontrabass

Gabriela Garrubo - Vokal

Elisabeth Lid Trøen - Saksofon

Amund Nordstrøm - Trommer og modulærsynth

Simen Walle - Gitar og elektronikk