page view image

LEKEROMMET - Jazz på Jølst 2022

EVENT INFORMATION
event image

LEKEROMMET – JAZZ FOR BORN/FAMILIE

«Kyllingen som ikke kunne synge» er ei historie om den fisefine kyllingen som var lei av det skitne livet på bondegarden. Han drøymer om ein dag å få bu på sjølvaste slottet, langt vekke frå grisebæsj og hestepromp. Dette vil han få til ved å smelta kongens hjarte med vakker song. Problemet er at kyllingen ikkje kan syngje. Lekerommet lagar førestillingar for born og familiar, og alle har bakgrunn frå jazzlinja på Griegakademiet i Bergen. Historiene og musikken er sjølvskrive med mål om å skapa dansbar, songbar og spanande ny musikk for born. Stykket vart først framførd på Festspillene i Bergen i 2014 og seinare på fleire store festivalar i Noreg. I 2017 kom «Kyllingen som ikkje kunne synge» på plate, og sidan det har dei vore eit populært innslag på Den Kulturelle Skulesekken.

Karoline Wallace - Vokal, synth

Petter Asbjørnsen - Kontrabass

Håvard Funderud - Trombone, synth, diverse