Arild Andersen - SAGN 30 år - Jazz på Jølst 2020

EVENT INFORMATION

Thon Hotel Jølster, laurdag 10.oktober kl. 20.00

ARILD ANDERSEN SAGN – 30 ÅR

I 2020 er det 30 år sidan Arild Andersen, Noregs verkelege superbassist, gav ut albumet Sagn saman med mellom andre Kirsten Bråten Berg, eliten av norske jazzmusikarar og den brasilianske perkusjonisten Nana Vasconcelos.


Sagn var opphavleg eit tingingsverk for Vossa Jazz i 1990, og plata var med på å starte jazzfolketone-crossover-bølgja som skylde over landet på 80- og 90-talet. Albumet står framleis som ein påle og held fram med å vere ei inspirasjonskjelde for både jazz- og folkemusikarar. Arild var ikkje vanskeleg å overtale til å bli med på ei lita eksklusiv runde konsertar på utvalde stader. Nana Vasconselos var med på den første turneen, mens Paolo Vinaccia overtok stikkene etter han. No når begge er borte, vil Sagn også bli opplevd som sakn, og Helge Norbakken steppar inn som superreserve.

Arild Andersen blei kjend som jazzmusikar på slutten av 1960-åra. Etter samarbeid med mellom andre Karin Krog, og etter å ha vore medlem av Jan Garbarek Quartet (1967–1973), har han seinare i hovudsak leia eigne grupper og turnert over heile Europa. Andersen har hatt nært samarbeid med mange av dei mest kjende jazzvokalistane og -musikarane i verda.  

Arild har gjeve ut heile 47 album i eige namn og bidrege på langt over 300 utgjevingar.


Konserten er eit samarbeidsprosjekt med Førdefestivalen, og utan det hadde vi sannsynlegvis ikkje fått dette til. Takk til Førdefestivalen!

Vi er veldig glad for at bandet kjem til Jazz på Jølst, og den utgåva av Sagn som kjem til Jølster, er:

Arild Andersen – bass

Kirsten Bråten Berg – vokal

Frode Alnæs – gitar

Bendik Hofseth – saksofon

Helge Norbakken – trommer

Asle Karstad – lyd