Steinar Raknes solo

EVENT INFORMATION

Det er duka for ei intens og stemningsfull musikkoppleving mellom gråsteinsmurane i fjøsen på Jølstraholmen laurdag 27. februar.

Med sin djerve og eksplosive spelestil er Steinar Raknes ein bassist som fleire har samanlikna med legendariske Charles Mingus. Han er stadig aktuell – solo, med eigen kvartett, i samarbeid med Ola Kvernberg eller som halvparten av joikeduoen ARVVAS. Han har mastergrad i musikk frå NTNU (2001).

Steinar Raknes har etablert banda The Core og Urban Connection og spelt med store jazznamn som Chick Corea, Michael Brecker og Bobby McFerrin. Andre han har samarbeidd med, er SKAIDI, Kirsti Huke kvartett og Trondheim Jazzorkester.

På «Stillhouse» (2012) gjekk Raknes nye vegar og spelte in...n ti kjende låtar henta frå rock, blues, country og americana. Plata inneheld i tillegg fire nye, eigenkomponerte låtar. Det var første gongen den særeigne kombinasjonen hans av kontrabass og song blei presentert på plate. Raknes hadde brukt fleire år på å utvikle teknikkane som gjorde at songane kunne framførast med bass som einaste akkompagnement. Som songar kan han minne om både Jonas Fjeld og Tom Waits.

På den nyaste plata si, «Down South» (2016), framfører Raknes tolv låtar saman med to argentinske musikararar. Både melodiar og tekstar ligg i eit jazz-americana-landskap, med eksplosive basslag i samspel med lyriske gitar-triller.

Velkommen til konsert!