Sommarjazzkonsert 2015

Arrangementsinformasjon

Laurdag 27. juni blir det storslått sommarjazzkonsert i Jølstersalen på Thon Hotel Jølster på Skei. Bandet/banda består av ei herleg blanding av velkjende jazzprofilar og flotte deltakarar frå sommarjazzkurset som blir arrangert på Skei 24.–27. juni. Det er Vestnorsk jazzsenter som har regien på kurset, Jølster jazzklubb tar ansvaret for konserten. 

I tillegg til dei sju musikarane under her, er det 25 påmelde til kurset. Det er dobbelt så mange som i fjor, då tilsvarande kurs/konsert blei arrangert for første gang. Hurra, seier vi!

Instruktørar 2015:

Vokal: Lena Skjerdal
Saksofon: Kjetil Møster
Trombone: Andreas Rotevatn
Piano: Dag Arnesen
Gitar: Nina Kristine Linge
Bass: Ole Marius Sandberg
Trommer: Hans Christian Dalgaard

jazz
kurs
improvisasjon
saksofon
piano
fløyte
vokal
trommer
gitar
trompet
bass

Ansvarsfraskrivelse

Vi kan dessverre ikkje refundere kjøpte billettar.