Jazz på Jølst 2014

EVENT INFORMATION

For femte gong kan Jølster jazzklubb ønskje velkommen til jazzfest, med kanskje det beste programmet til no. Heile helga går det slag i slag med gode norske jazznamn som representerer ulike jazzsjangrar – frå standardlåtar i Ella Fitzgerald-drakt til ragtime og heftige latinrytmar, funk og fusion.

Totalt sju konsertar (og ingen av dei samtidig) - av dette er éin for born og éin er gratiskonsert med lokale ungdommar. 

PROGRAM

Fredag 10. oktober

Kl. 20.00 Opningskonsert på Skei Hotel med Come Shine. Bill. 320/270/50
Kl. 22.00 Majken Christiansen kvintett, Skei Hotel. Bill. 220/170/50/JAZZPASS*

Laurdag 11. oktober

Kl. 12.00 Barnejazz med Good Time Charlie, Skei Hotel. Bill. 50/JAZZPASS*
Kl. 13.30 Gratiskonsert på Audhild Vikens vevstove med Bremangerkvartetten. GRATIS
Kl. 20.00 Karin Krog / Morten Gunnar Larsen, Skei Hotel. Bill. 300/250/50/JAZZPASS*
Kl. 22.00 Sexteto Cubatropical, Skei Hotel. Bill. 220/170/50/JAZZPASS*

Søndag 12. oktober

kl. 16.00 Mathias Eick Quintet, Borgja. Bill. 250/200/50/JAZZPASS*

BILLETTAR

Billettprisane skal lesast slik: Vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år. 
*) JAZZPASS. Pris: 700/560/200. Gjeld alle konsertane unnateke opningskonserten.
Førehandssal av billettar/jazzpass hos TicketCo. Elles i døra.

Les meir på www.jolsterjazz.com.

Velkommen til årets Jazz på Jølst!



jazz
jazzfestival
jølster
barnejazz
gratiskonsert
festival
festivalpass
jazzpass
standardlåter
jazzstandards
funk
fusion
latino
salsa
swing

Waiver

Vi kan dessverre ikkje refundere kjøpte billettar.