Jazz frå Skogom

EVENT INFORMATION

Jølster Jazzklubb er svært glad for å  kunne presentere Jazz frå skogom  som kjem til Jølster jazzklubb og Helgheim kyrkje 26. november. Jazz frå skogom er ein kvartett med musikarar som er i toppsjiktet i Noreg, og medlemene har røynsle frå både folkemusikken og den internasjonale jazzscena. Med ein fot i jazzen og ein fot i midtnorsk folkemusikktradisjon, presenterer dei eit rikt musikalsk bilete som spenner frå sakrale salmar, via svingande slåttar og triste viser til Inderbergs dadaistiske og humoristiske krumspring.  

Prosjektet "Jazz frå skogom" vart første gong presentert under Trondheim Jazzfestival i 2011, og sidan har dei spelt konsertar mellom anna på Olavsfestdagane, Dølajazz og Kongsbergjazz, og fått ei varm mottaking av publikum. Hausten 2012 gav dei ut det kritikarroste albumet "Vegen åt deg".