Fliflet/Hamre

EVENT INFORMATION

Jølster jazzklubb inviterer til konsert fredagskvelden under Din Jølsterdag. Og det er ingen ringare enn duoen Fliflet/Hamre som skal stå for underhaldninga.

Fliflet/Hamre er eit orkester som verkeleg er noko for seg sjølv. Med trekkspel og trommesett supplert med song, melodika og gryter har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt ein heilt eigen stil som har begeistra både publikum og kritikarar i dei forskjelligaste miljø.

I Fliflet/Hamres musikk står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantonar dundrar ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske ettertenksamheiter, norske kystmelodiar eller italienske partisansongar. Og Harald Sæverud blir dregen med på 9-taktskalas hos serbiske sigøynarar ... 

Iblant lèt Ole Hamre trommene kvile og lagar vakker og uhøyrd musikk på melodika eller sitt eige gryteinstrument Hamrofonen. Eller tek på seg steppeskoa! Fliflet/Hamre fører saman musikk av ulikt opphav og skaper eit eige, personleg landskap. Både folk med lakksko, bunad, svarte skinnjakker eller cowboyhattar lèt seg villig føre rundt i den fargerike hagen deira! Kontrastane er store, men opplevinga heil.

Gruppa er kjend for sitt tette og levande samspel og har opptredd på eit tjuetal norske festivalar. Ei rekkje turnear og festivalbesøk i Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Belgia og Skottland. Dei har gitt ut platene «Ivar Aasen goes Bulgaria», «Moro post mortem – live», «Gabriole» og «Eine kleine Kraftmusik». På oppdrag frå NRK 1 laga dei to vennene i 1996–97 TV-serien «Fliflet/Hamre Kraftakvarium».

Velkommen – dette kan ikkje bli anna enn bra!